gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Klassifisering av økologisk tilstand

Ifølgje vassforskrifta skal alle vassforekomstar klassifiserast til ein økologisk tilstand basert på biologiske, fysisk-kjemiske og hydromorfologiske kvalitetselement (sjå eigen oversikt over kvalitetselement og parametrar for elv, innsjø og kystvatn som blir brukt til klassifisering).

Fem tilstandsklassar i klassifiseringssystemet

Klassifiseringssystemet omfattar fem tilstandsklassar: svært god, god, moderat, dårleg og svært dårleg tilstand, illustrert med fargekodane vist i figuren under. Svært god tilstand  tilsvarar naturleg tilstand med ingen eller minimale menneskelege påvirkningar. Dette er også kalt naturtilstand eller referansetilstand. Kvalitative normer for dei fem tilstandsklassane er omtalt i vedlegg V til vassforskrifta, generelt og spesifiset for kvart enkelt kvalitetselement. Dei normative definisjonane skal leggast til grunn ved fastsetting av kvantitative grenseverdiar mellom tilstandsklassane.

 

Figur 2.1 (henta frå Klassifiseringsveilederen): Vanndirektivet og den norske vannforskriften forutsetter at tilstanden i overflatevann skal beskyttes mot forringelse, forbedres og gjennopprettes med sikte på at vannforekomstene skal ha minst ha god økologisk og god kjemisk tilstand. Dette betyr at i vannforekomster der miljømålene ikke er tilfredsstilt, må miljøforbedrende og/eller gjenopprattende tiltak iverksettes. Forebyggende tiltak for å hindre forringelse i de vannforekomstene som i dag tilfredstiller miljømålene (god eller svært god tilstand) må også vurderas.

Indeksar for klassifisering av økologisk tilstand

For å kunne klassifisere økologisk tilstand er det utvikla ein eller fleire indeksar for kvart biologisk kvalitetselement. Desse skal vere eigna til å måle responsen på ein gitt påvirkning (f.eks. eutrofiering, forsuring, hydromorfologiske endringar). Klassegrensene skal settast på grunnlag av dose-respons kurver mellom indeksen (responsen) og den påvirkningen som indeksen responderer på (dosen). For å måle avviket frå referansetilstanden reknar vi ut forholdet mellom observert verdi og referanseverdien for parameteren eller indeksen for den aktuelle vasstypen. Dette forholdet blir kalt økologisk kvalitetskvotient (ecological quality ratio, forkorta EQR), og varierer mellom 0 og 1, der 1 er beste tilstand (naturtilstand).

Ulike påvirkningar virker ulikt på kvalitetselementa

Ulike påvirkningar vil virke ulikt på forskjellige kvalitetselement. Planteplankton er f.eks. følsomt for eutrofiering, men blir lite påvirka av forsuring, der fisk er ein betre indikator. Den økologiske tilstanden for ein vassforekomst blir bestemt av tilstanden for kvalitetselementet som har den dårlegaste tilstandsklassen.  Dette er kalt "det verste styrer-prinsippet" (one-out-all-out). Poenget med dette prinsippet er å få fokus på den eller dei viktigaste påvirkningane og sørge for at tolerante dyr- eller plantegrupper ikkje dekker over for viktige påvirkningar.

Figur 3.5 (henta frå Klassifiseringsveilederen). Skjematisk beskrivelse av det verste styrer prinsippet. Søylene angir tilstandsklasser (figuren er hentet fra figur 3 i Guidance on Classification).

Klassifiseringsveilederen presenterer det norske klassifiseringssystemet

Rettleiaren "Klassifisering av miljøtilstand i vann" (Veileder 02:13), vanlegvis omtalt som "klassifiseringsveilederen", presenterer det norske klassifiseringssystemet (du kan laste ned rettleiaren på høgre side). Rettleiaren har undertittel "Økologisk og kjemisk klassifisering for kystvann, grunnvann, innsjøer og elver". Den presenterer prinsippa som ligg til grunn for klassifisering av økologisk tilstand og gir "kokebokoppskrifter" på korleis ein klassifiserer. Rettleiaren presenterer alle godkjente norske klassifiseringsmetodar, dvs. alle parametrar og indeksar som skal brukast til klassifisering av vassforkomstar i elver, innsjøar og kystvatn. I tillegg inneheld den alle godkjente klassegrenser (verdien for grensen mellom tilstandsklassane), og verdien for naturtilstand, for alle klassifiseringsmetodar og vasstypar. Du finn

Denne tabellen gir oversikt over alle kvalitetselement (biologiske, fysisk-kjemiske og hydromorfologiske) som etter vassforskrifta skal brukast til å klassifisere vassforkomstar i Norge. I tillegg er det for kvart kvalitetselement oppført alle parametrar og indeksar som det er utvikla norske klassegrenser for og dei ulike påvirkningstypane som er vurdert. Tabellane er henta frå "Klassifisering av miljøtilstand i vann", tabell 3.2 for innsjøar, tabell 3.3 for elver og tabell 3.7 for kystvatn.

 

 

Denne tabellen viser dei mest følsomme kvalitetselementa for dei viktigaste påvirkningstypane. Kvalitetselementet som i tabellen er oppført som "svært følsomt" for ein påvirkning vil som regel vere det elementet som bestemmer miljøtilstanden i ein vassforekomst, ein konsekvens av "det verste styrer-prinsippet". Ved tiltaksretta overvåking skal det eller dei mest følsomme kvalitetselementa i det minste vere med i overvåkingsprogrammet.

 

 

Publisert: 21. november 2016 Sist oppdatert: 21. november 2016