gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Vedtatt plan for Vassregion Hordaland 2016 - 2021

Fylkestingene har vedtattt plandokumenta for Vassregion Hordaland for perioden 2016-2021.  Planen vil bestå av plandokumenta, vedtak i fylkestinga og regjeringa si handsaming av den regionale planen (det siste er venta innan mars 2016). Under kan du laste ned dokumenta.

1. Regional plan for Vassregion Hordaland 2016-2021
2. Tiltaksprogram for Vassregion Hordaland 2016-2021
3. Handlingsprogram 2016- 2018
4. Høyringsrapport til regional plan for Vassregion Hordaland, oppsummering av fråsegn 1. gongs høyring
5. Høyringsrapport til regional plan for Vassregion Hordaland, oppsummering av fråsegn 2. gongs høyring
6. Norconsult-rapport: Vassregion Hordaland – Regionale prioriteringar av vasskraftrevisjonar

7. Politisk handsaming i Hordaland fylkesting 9.12.2015 protokoll - saksframlegg

8. Poltisk handsaming Rogaland fylkesting 9.12.2015 sak 107/15 - Protokoll

Politisk handsaming:

Vedtak i  Hordaland fylkesting  09.12.2015

Innstillinga punkt 1, 2 og 3 vart samrøystes vedteken. Innstillinga punkt 4 vart vedteken mot 9 røyster (SV, MGD, V).

 Vedtak

1. Fylkestinget vedtar Regional plan for vassregion Hordaland 2016- 2021. Planen vert sendt til Klimaog

miljøverndepartementet for godkjenning.

2. Fylkestinget vedtar Tiltaksprogram for vassregion Hordaland 2016-2021.

3. Fylkestinget vedtar Handlingsprogram for vassregion Hordaland 2016-2018.

4. Fylkestinget legg til grunn at det i denne planperioden ikkje vil bli fastsett miljømål som fører til redusert vasskraftproduksjon eller flomdemping.

 Lenkeadresse til protokoll http://einnsyn.hfk.no/eInnsyn/DmbHandling/ShowDmbHandlingDocument?dmbId=5424&caseType=Protokoll&registryEntryId=155005

 

 Vedtak i FT i Sogn og Fjordane 9.12.15

 SAK 60/15 Regional plan for vassregion Hordaland

 Dette gir følgjande VEDTAK:

1. Fylkestinget vedtek Regional plan for Vassregion Hordaland 2016-2021 for dei areala som gjeld Sogn og Fjordane.

2. Fylkestinget vedtek Handlingsprogram Vassregion Hordaland 2016-2021 for dei areala som gjeld Sogn og Fjordane

3. Fylkestinget vedtek Tiltaksprogram Vassregion Hordaland 2016-2021 for dei areala som gjeld Sogn og Fjordane.

4. Fylkestinget legg til grunn at det i fyrste planperiode ikkje er framlegg om nye avbøtande tiltak i regulerte vassdrag som medfører reduksjon i kraftproduksjonen.

5. I høve nasjonale laksevassdrag med høg risiko for flom og skred som krev tiltak for å betre samfunnstryggleiken, må det opnast for endringar i noverande miljømål etter grundige risiko og nytte/kostnadsutgreiingar.

Møteprotokoll http://www.sfj.no/ato/esa62/document/moeteprotokoll-moete-i-fylkestinget-8-desember-2015.15129539d15129539.603fd76e67.pdf?tl=M%C3%B8teprotokoll%20-%20M%C3%B8te%20i%20fylkestinget%208.%20desember%202015&cat=344489

 

Vedtak i Rogaland fylkesting 9.12.2015

Sak 107/15 GODKJENNING AV REGIONAL PLAN FOR VANNFORVALTNING I VASSREGION HORDALAND 2016 - 2021

 Regional plan for vannforvaltning i vassregion Hordaland 2016 – 2021 berører arealer i Rogaland fylke. Hordaland fylkeskommune ber Rogaland fylkeskommune som regional planmyndighet for arealer i Rogaland fylke å vedta:

1. Rogaland fylkeskommune vedtar Regional plan for vassregion Hordaland 2016-2021.
2. Rogaland fylkeskommune vedtar regionalt Tiltaksprogram for vassregion Hordaland 2016-2021.
3. Rogaland fylkeskommune vedtar Handlingsprogram for vassregion Hordaland 2016-2018.

Et enstemmig fylkesting vedtok:

I henhold til Plan- og bygningsloven § 8.4 vedtar Rogaland fylkeskommune følgende dokumenter:

  1. Rogaland fylkeskommune vedtar Regional plan for vassregion Hordaland 2016-2021.
  2. Rogaland fylkeskommune vedtar Tiltaksprogram for vassregion Hordaland 2016-2021.
  3. Rogaland fylkeskommune vedtar Handlingsprogram for vassregion Hordaland 2016-2018.

Møteprotokoll: http://www.rogfk.no/Politikk/Politiske-moeter/Fylkestinget-8.-og-9.-desember

Publisert: 17. desember 2014 Sist oppdatert: 17. desember 2014