gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Vassregion Møre og Romsdal

Møre og Romsdal vassregion følgjer i stor grad fylkesgrensene, men omfattar mindre areal av Sogn og Fjordane, Sør-Trøndelag og Oppland fylker. Regionen har 5 vassområdar, Nordre Nordmøre, Søre Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre.

Foto: Fred Jonny Hammerø/Møre og Romsdal fylke

Vassregion Møre og Romsdal har ein geografi og topografi som strekker seg frå høge fjell i indre delar av regionen til fjord og kystlandskap i dei ytre, og dermed vert det mange ulike påverknadar på vatnet i vassregionen.

Av 1895 vassførekomstar er 600 (31%) i risiko for å ikkje oppnå god miljøtilstand innan 2021. Hovudutfordringane for vassmiljøet er miljøgifter, avløp, akvakultur, Gyrodactylus salaris, flaumsikring/andre fysiske inngrep, landbruk og vassdragsreguleringar.

Vassdraga er etter måten korte, og med raskt fall frå fjell til sjø. Dei største vassdraga er Driva, Rauma, Surna og Eira/Aura. Karakteristisk er også det store talet på mellomstore og små vassdrag, med utløp anten i fjordbotnane, langs fjordane eller heilt ute ved kysten. Nokre få av desse er reine låglandsvassdrag ute på kystbremmen, men dei fleste har nedslagsfelt som strekkjer seg fleire hundre meter til fjells, og har tilsvarande bratt løp. 

Med unnatak av fjellbygdene Oppdal og Lesja er busetnad i all vesentleg forstand knytt til fjordane og lågareliggande dalbotnar. Nær busetnadsområde vil vassdraga kunne vere prega av forbygging og forureining frå landbruk, hushald og industri. Det same gjeld og sjøareala. I høgareliggande område kan naturen ved første augnekast synest urørt, men vesentlege areal er påverka av vassdragsregulering, og dei største fjellsjøane er alle reguleringsmagasin. 

Det er flest førekomstar av elvar og innsjøar i indre strok, med aukande del kystvatn i fjordane. I ytre og midtre strok av vassregionen. Kystvatn dominerer naturleg nok i ytre strok med fjordmunningar og opne kystområde. Grunnvassførekomstane er ikkje like godt kartlagde, men ligg i hovudsak inntil elvedelta og i andre lausavsetningar knytt til vassdrag. 

Kystvatnet i vassregionen tilhøyrar økoregionen Norskehavet Sør, og det meste har vasstypen eksponert og moderat eksponert. Det er god vassutskifting og gjerne god økologisk tilstand m.o.t. påverknad av næringssalt og organisk belastning. Ein del terskelfjordar, pollar og andre avsnørte basseng er vurderte til å ha ein beskytta vasstype. Der det er utløp av større vassdrag, er vasstypen ferskvasspåverka. 

Innsjøane i låglandet (under 200 m.o.h.) er i hovudsak av typen kalkfattige og humøse (LN3a). Dette skuldast geologien i vassregionen med sure bergartar som gneisar. I dei få områda med kalkrik berggrunn har vi innslag av vasstypen kalkrik og humøs (LN8a). Innsjøane i skogområda (200-800 m.o.h.) er også i stor grad kalkfattige og humøse (LN6).

 

Publisert: 15. oktober 2014 Sist oppdatert: 15. oktober 2014