gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Organisering av arbeidet på vassregionnivå

Vatnet følger ikkje administrative grenser. For å få ei heilskapeleg vassforvaltning er landet derfor delt inn i vassregionar. Sentrale i organiseringar av arbeidet i regionane er vassregionutvalet og vassregionmyndigheita.

Møre og Romsdal fylkeskommune vart frå 01.01.2010 vassregionmyndigheit (VRM) og er tillagt ansvaret for å samordne forvaltningsplanarbeidet i Møre og Romsdal vassregion. Vassregionmyndigheita sin viktigaste oppgåve er å være plan- og prosessleiar, samordne utarbeiding og gjennomføring av sektorovergripande regional forvaltningsplan, koordinerande arbeidet i forhold til andre fylke, og ha ansvaret for at kvalitetskrav og tidsfristar i vassforskrifta vert overheld.

 

Møre og Romsdal vassregion må samarbeide med andre vassregionar i saker som gjeld forvaltning av vassførekomstar ved felles grenser.

 

Vassregionutvalet (VRU) består av kommunar, fylkeskommunar, fylkesmannen, sektormyndigheiter og representantar frå regional referansegruppe (RRG). Leiar for vassregionutvalet i Møre og Romsdal er assisterande fylkesrådmann Willy J. Loftheim. VRU har eit overordna ansvar for koordinering på regionnivå og har i forhold til vassforskrifta fleire oppgåver i samarbeid med vassregionmyndigheita.

 

Arbeidsutvalet (AU) er vassregionen sin administrative arbeidsgruppe med representantar frå vassregionmyndigheita, fylkesmannen, sektormyndigheiter og dei 5 vassområda. Arbeidsutvalet leiast av assisterande fylkesrådmann Willy J. Loftheim. Arbeidsutvalet rapporterer til vassregionutvalet.

 

Andre interessentar vil verte knytt opp mot VRU gjennom ei regional referansegruppe. Der sit representantar frå ulike organisasjonar, rettshavarar og private og allmenne brukarinteresser (t.d. bondelag, turistforeiningar, naturvernorganisasjonar) og skal komme med innspel under planprosessen og eigne forslag til tiltak jf. vassforskrifta § 22. Referansegruppa skal sørgje for at vurderingar som omhandlar særskilte bransje- og samfunnsinteresser kjem fram til avgjerdstakarane. Representantar for regional referansegruppe (RRG) har møterett i VRU.

Publisert: 21. oktober 2014 Sist oppdatert: 21. oktober 2014