gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Organisering av arbeidet på vassområdenivå

Møre og Romsdal vassregion er delt inn i 5 vassområde. Eit vassområde dekkar fleire vassførekomstar og fleire kommunar.

Kvart vassområde har eit eige vassområdeutval (VOU). Utvalet skal sørge for lokale miljø- og samfunnsmessige utrednignar som skal ligge til grunn når vassregionutvalet vurderar tiltak og miljømål i forvaltningsplana.

Vassområdeutvala består av kommunane i vassområde, fylkesmannen, sektormyndigheiter, næringsliv, organisasjonar og interessentar. Kommunane har ein administrativ representant og ein politisk representant i VOU. Vassområda har derfor ei politisk styringsgruppe og ei administrativ arbeidsgruppe.

Det er valt ein politisk leiar frå ein kommune til leiar for kvar av dei 5 vassområdeutvala, desse deltek også i arbeidsutvalet (AU).

 

 

Publisert: 22. oktober 2014 Sist oppdatert: 22. oktober 2014