gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal

Regional forvaltningsplan for Møre og Romsdal vassregion blei vedtatt av fylkestinget 8.12.2015 og godkjent av Klima- og miljødepartementet 1.7.2016. Plana skal gi ei oversikteleg framstilling av korleis ein ønskjer å forvalte vassmiljø og -ressursar i vassregionen i eit langsiktig perspektiv.

 

Forvaltningsplana skal bidra til å styre og samordne vassforvaltning og arealbruk på tvers av kommune- og fylkesgrenser. Plana fastset miljømål for elver, bekkar, innsjøar, grunnvatn og kystvann frå høgste fjellvatn til ei nautisk mil utanfor grunnlinja. Planen er sektorovergripande og skal bidra til å styre og samordne vassforvaltning og arealbruk på tvers av kommune- og fylkesgrenser.