gå til hovedinnhold
Vis meny
Skjul meny

Vassområdet

Tokke-Vinje vassområde er 2362 km2 stort og strekker seg frå Nupsfonn ca 1600 moh i vest og ned til Bandak ca 72 moh i søraust.

Store delar av vassdraget ligg nær E 134 over Hardangervidda, og ein del av vassområdet ligg også innanfor Hardangervidda nasjonalpark. Vassdraget inneheld fleire store innsjøar, mellom anna Totak, Songa og Vinjevatn. Nedre del av Tokkeåi er gyteområde for ei eiga storaurestamme i Bandak/Vestvatna. Store delar av Tokkeåi renn gjennom ei markert bekkekløft med mange raudlisteartar og stort artsmangfald. Kløfta er i så måte rekna som den viktigaste på Sørlandet.

 

 

Prosjektleiar Helge Kiland

Faun Naturforvaltning, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal

E-post: helge.kiland@fnat.no

Mobil: 916 32 615

(Foto: )